Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  70 / 144 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 70 / 144 Next Page
Page Background

Ungdomens kommunestyre

(UKS)

UKS har hatt 5 møte i 2014 og handsama

25 saker. UKS har eige budsjett og fordeler

Ungdomsmidlane til tiltak for barn og

unge. UKS har uttalt seg om endringar

i bussruter og om budsjett til ungdoms­

tiltak i kommunen. UKS er eit viktig

organ for å sikre barn og unges med­

verknad og moglegheiter for å fremme

sine syn i kommunen.

Ungdomsklubben

Kommunen er utan tilsett ungdomsleiar

frå august 2014. Fram til sommarferien

samarbeidde ungdomsleiaren med

NAVungdomsprosjektet om aktivitet

og hadde i tillegg eigne aktivtetar for

ungdom. Det er vanskeleg å drive

klubbaktivitet utan faste lokale som

ungdommen kan nytte. Hittil har

gymsalen i Eidsvåg vore mest nytta.

Vonar desse tilhøva kan betre seg i

samband med etablering av Frivillig­

sentral som er planlagt i 2015.

Barn og ungdom

Frivillige lag og foreiningar står for allsidig

og godt kulturarbeid for barn og unge i

Nesset. Det er registrert om lag 25 lag som

arbeider direkte retta mot barn og unge i

vidt spekter frå misjon via speidar og 4H,

til allsidig idrett og friluftsliv. Fleire talent­

fulle ungdommar frå Nesset markerer seg

regionalt og nasjonalt. Kulturleiaren er

med i ungdomsteamet og er barnas repre­

sentant i plansaker i kommunen.

Idrett, lag og foreiningar

Det frivillige arbeidet er limet i kultur­

arbeidet. Lag og foreiningar skaper akti­

vitet og gode møteplassar i nærmiljøet.

Det er brukt kr 171.630. i kommunale

kulturmidlar til lag og foreiningar i form

av ulike tilskot. I samband med justering

av budsjett vart posten redusert med kr

100.000,.

Nesset idrettsråd er eit viktig organ

for koordinering og kompetanse til

idrettsarbeidet i kommunen. Idrettsrådet

bidrar m.a. i rullering av handlingsplan

og fordeling av midlar til oppkøyring av

skiløyper. Idrettsrådet sørgjer for utde­

ling av lokale aktivitetsmidlar (LAM).

Årets idrettspris blir kvart år utdelt av

Idrettsrådet under Eidsvågdagane.

Kommuneale anlegg

Det er stor fotballaktivitet i Nesset.

Kommunen eig og driftar kunstgrasba­

nen ved Eidsvåg barne og ungdomskole.

Banen blir svært mykje brukt av alders­

bestemte lag og til fotballtreningar elles.

Det er planlagt eit større rehabiliterings­

arbeid på kunstgrasbanen med m.a.

skifte av dekket. Kommunen har og

ansvar for uteanlegga ved skulane som

også fungerer som park, aktivitetsog

leikeområde utanom skuletida. Andre

anlegg som lysløyper og liknande er

eigd av idrettslaga som legg ned eit stort

arbeid med vedlikehald og drift.

Nye lokaler. Kulturleiar Turid L. Øverås,

kulturskolelærerne Elena Sæther og Erik

Fostervoll, ordfører Rolf Jonas Hurlen,

kulturskolerektor Edvin Eriksen, lærer Brit

Polden Sande, inspektør Monica Kalseth

Hånes, rektor Per Einar Strand og kul-

turskoleelevene Arild Fostervoll, lsabell

Toven Holberg og Rakel Yanxue Bersås.

Foto Driva

70

NESSET KOMMUNE // ÅRSMELDING 2014