KULTUR
Tenester og oppgåver
Generelt skal kultureininga i Nesset
stimulere til, samordne og drifte kultur
tiltak som kjem alle innbyggarane i kom
munen til gode. Kulturskule og bibliotek
er lovbestemte oppgåver. Arbeidet skjer
i nært samarbeid med frivillige, lag
og foreiningar, institusjonar og andre.
Mykje av arbeidet blir gjort med samar
beid innan førebyggande arbeid og med
folkehelsearbeid i kommunen.
Kulturavdelinga var medarrangør for
markering av grunnlovsjubileet i Nesset
kyrkje i mars. Det var markering av
200 års dagen for val av utsendingar til
Romsdals amts Eidsvollsmenn. For 200
år sidan foregikk det i Rød-kyrkja.
Bibliotek
Nesset folkebibliotek har ope 16 timar
per veke fordelt på 3 dagar. Det er 4 fast
tilsette i deltidsstillingar mellom 20 og
50 %. Avtalen mellom Nesset og Sunndal
om biblioteksamarbeid omfattar og kjøp
av biblioteksjefressurs frå Sunndal i 30
% stilling. Biblioteket har lesestunder
for barnehagebarn og jamleg besøk av
skoleklasser. Dette er ei god ordning for
alle partar.
Takka vere stor arbeidsinnsats frå dei
tilsette, klarte vi å avvikle eksterne
bokmagasin og kom ajour med kassasjon.
Dette frigjer plass og gjev biblioteket
større mogelegheit for å presentere
aktuelle bøker og media. I 2014 er det
inngått samarbeid med øvrige bibliotek i
fylket for utlån av e-bøker.
Det har vore to forfattarbesøk i 2014, det
eine i samarbeid med Bjørnsonfestivalen.
Nesset folkebibliotek er aktivt med i
planlegging og gjennomføring av Bjørn
sonfestivalen i Nesset. Samla utlån auka
gledeleg med 534 frå 2013.
Kulturskole
Skuleåret 2014/15 er elevtalet auka frå 54
til 73 i Nesset. Av desse går 34 på visuelle
kunstfag.
Gjemnes og Nesset kulturskole har ei
målsetting om at undervisninga i størst
mogeleg grad skal vere der elevane er,
men få søkarar på musikk frå Eresfjord,
Eikesdal og Vistdal har ført til at all
musikkundervisning er i Eidsvåg. Det
same gjelder dans. I indre er det dette
skulåret 2 kunstgrupper som har un
dervisning i Eresfjord. Frå hausten 2014
har vi avvikla Eidsvåg gamle skole som
undervisningsstad og flytta inn i nye
fine lokalar på barnetrinnet i Eidsvåg
barne- og ungdomsskole. Det vart kjøpt
inn ein del nye instrument og utstyr m.a.
eit nytt flygel. Kulturskolen tilbyr også
musikkterapi til bebuarar på NOS, skular
og barnehagar.
Bibliotekstatistikk utlån
2014
2013
2012
2011
Barn, fag og skjønnlitteratur
3 111
3 009
3 698
3 323
Vaksen, fag og skjønnlitteratur
4 345
3 913
4 294
4 120
Lydbøker, barn og vaksne
975
791
664
651
Andre medier (hovedskl. DVD for barn)
1 604
1 788
1 826
1 044
SUM utlån
10 035
9 501
9 818
9 138
Besøk
3 683
3 914
4 602
4 050
Økonomisk resultat
2014
2013
Enhet
Regnskap Budsjett
Avvik
Avvik i % Regnskap
Kultur
4 400 314 4 276 000 -124 314
- 2,9
4 145 291
Avviksforklaring
.
I hovedsak skyldes merforbruket uforutsett vedlikehold på kommunale idrettsanlegg.
69
RÅDMANNENS STAB // KULTUR