Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  71 / 144 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 71 / 144 Next Page
Page Background

Kulturminne og museum

Nesset prestegard er eigd av opplysnings­

vesenets fond med ein leigeavtale for

Nesset kommune. Prestegarden er avde­

ling av Romsdalsmuseet og kommunen

og Romsdalsmuseet deler kostnadene

med stillinga som formidlar og vakt­

meister. Besøkstala syner ei auke til 4084

i 2014 mot 3291 i 2013. Det har vore 16

eigne arrangement inkludert Bjørnson­

festivalen. Eit av høgdepunkta var jule­

marknaden i november som trekte mykje

folk og engasjerte mange.

I sommarsesongen er det tilsett guidar.

Samarbeidet med Romsdalsmuseet

inkluderer og Tverrberghytta ved

Løypåvollen i Eikesdal.

For helleristningane på Bugge gjeld

skjøtselsavtale mellom MR fylke og

Vitenskapsmuseet i Trondheim. Arbeid

med å ruste opp tilgjengelegheita på

helleristnings feltet er godt i gang.

Folkebadet

Bassenget på Nesset Ungdomskole er

ope for publikum tre kveldar i veka

frå haustferie til påske. Det er tilsett

badevakt i 20% stilling. Avtalen med

Eidsvåg IL om badevakter vart avslutta

våren 2014. Ny avtale er gjort med

foreldregruppa til 8.klasse i Eidsvåg.

Tal besøk i 2014 var i alt 690 (742 i 2013),

av dette var barn og familiebillettar 600

(640). Folkebadet er eit fint folkehelse­

tilbod som er viktig for mange.

Bjørnsonfestivalen

Festivalen hadde 9 arrangement i Nesset

inkludert førestillingar til skule og

barnehage, kunstutstilling og guds­

teneste i fjøset på Nesset prestegard.

Samla besøkstal i Nesset var 822. Av

høgdepunkt kan nemnast litteraturkveld

i stappfullt Raudsand samfunnshus der

Kristin Maridal lanserte sin første roman

«Love deg aldri» Prestegardssøndagen

med Veøykonsert vart og ein suksess.

Kulturleiaren i Nesset er leiar i styret for

Bjørnsonfestivalen. Bjørnsonfestivalen

er med å markere Nesset og Nesset

prestegard på ein god måte i og utanfor

kommunen. Nesset kommune yter kr

110.000, som driftstilskot til Bjørnson­

festivalen.

Interkommunale

samarbeidsavtaler og

selskaper

• Gjemnes og Nesset kulturskole

oppdatert avtale om felles kulturskole

i 2013.

• Romsdalsmuseet, samarbeidsavtale

som omfattar medfinansiering av

vaktmeister og formidlar på Nesset

prestegard.

• Samarbeidsavtale med Sunndal kom­

mune om biblioteksjef.

Nøkkeltall i eininga

31.12.14 31.12.13

Faste

7

8

Sesong/ekstra

2

2

Årsverk

3,10

3,36

Deltidsstillinger

6

7

Kvinner

6

7

Menn

1

1

Hva er du stolt av at kulturtenesten fikk til i 2014?

At vi fekk ta i bruk nye lokaler for kulturskolen etter mange år med kummerleg tilvere i den gamle skulen på

Langset. Er og stolt av Nessets flotte ungdommar som representerer kommunen på ein utmerka måte i mange

samanhengar. Fleire positive presseoppslag om ungdom i Nesset som markerer seg i idrett og andre aktivitetar.

Hva er den største utfordringen for kulturtjenesten/ folkehelsearbeidet i 2015?

Det er utfordrande å følgje opp den gode utviklinga i satsing på barn og unge etter at ungdomsprosjektet er

avslutta. Forankring, etablering og oppstart av Frivilligsentral blir ei stor og viktig oppgåve. Vi er spente på kva

som vil skje med eigarskap og forvaltning av Nesset prestegard. Denne saka er framleis ikkje avgjort. Elles er

arbeidet innan kulturfeltet alltid mangfoldig og utfordrande, men og veldig interessant og givande.

Turid Leirvoll Øverås

kulturleiar

71

RÅDMANNENS STAB // KULTUR