Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  98 / 144 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 98 / 144 Next Page
Page Background

Skulen si viktigaste oppgåve er, saman med heimane, å gjere barna

best mogleg rusta til å møte dei utfordringane skulen, arbeidslivet og

samfunnet elles vil by dei. Til det treng dei unge både

kunnskapar, ferdigheiter, samarbeidsevne, gode haldningar og - ikkje

minst - trua på seg sjølve.

EIDSVÅG BARNE- OG

UNGDOMSSKOLE

Skulen er til for at barna – i vid forstand

– skal lære. Vi ser gjerne at barna, etter

å ha skaffa seg utdanning og erfaring i

livet, kjem tilbake til heimkommune og

slår seg ned her. Kommunens visjon skal

vere noko å strekkje seg etter, og som alle

hovudmåla skal bidra i retning av.

Resultatvurdering

På nasjonale prøver presterer elevane

våre på nasjonalt nivå både på prøvene

i engelsk, prøvene i lesing (i alle fag) og

rekning (i alle fag). Dette gjeld både i 5.,

8. og 9. klasse.

Den positive trenden vi har sett siste åra,

held altså fram.

Avgangselevane våre fekk svært gode

standpunktog eksamenskarakterar. Til

eksamen i norsk hovudmål var gjen­

nomsnittskarakteren elevane våre fekk

4,0 og i norsk sidemål var den 3,6. Det

er eit uvanleg godt resultat til skriftleg

eksamen å vere.

Tiltaka vi har sett i verk for å betre dei

faglege resultata, viser å ha den effekten

vi ønskte: elevane presterer jamn over

betre år for år; noko svingingar blir det

nok framleis. Å arbeide langsiktig, struk­

turert etter ei oppsett plan, basert på

forsking og erfaring, gjev gode resultat.

Nøkkeltall i eininga

31.12.14 31.12.13

Tilsette

46

50

Årsverk

37,2

41

Deltidsstillingar

17

19

Kvinner

38

43

Menn

8

7

10,29 %

8,12 % 2013

Samla i kommunen:

9,40 % 2014, 8,17 % 2013

Sjukefråvær 2014

Økonomisk resultat

2014

2013

Eining

Regnskap Budsjett

Avvik

Avvik i % Regnskap

Eidsvåg BUS

26 123 709 27 634 000 1 510 291

5,5

27 142 368

Avviksforklaring

I forhold til budsjett fekk vi eit avvik på 5,5 prosent. Refusjonane for langtidssjukemeldte har vore

betydeleg større enn lønsutgiftene for vikarane; og vi har ikkje alltid hatt vikarar å setje inn, slik

at vi har måtta organisere drifta alternativt. Vi budsjetterte med kvalifiserte lærarar, men har fleire

lærarar utan godkjent utdanning og lønnsutgiftene blei derfed mindre enn budsjettert. Det har

vore gunstig for økonomien, men ikkje alltid for kvaliteten på tenestene våre. Vi har hatt rammer

til normal drift, slik at vi har kunna gjere nødvendige innkjøp av læremiddel og anna utstyr. Inn-

kjøpsstoppen har gjort at vi har utsett innkjøp og auka overskotet.

Einingsleiar / rektor

Per Einar Strand

Inspektør ungdomstrinnet

Silje Brubæk

Inspektør barneskolen

Monica K. Hånes

Undervisning i samfunnsfag i eit av de

nye klasserommane

98

NESSET KOMMUNE // ÅRSMELDING 2014