Kva er du stolt av at eininga di fekk til i 2014?
• Vi har, i samarbeid med PPT, foreldra og skulebarna, greidd å betre skulemiljøet.
• Gode faglege resultat, både på dei nasjonale prøvane og på avgangskarakterane.
Kva er dei største utfordringane for eininga i 2015?
• Å utvikle skulemiljøet vidare og levere stabile, gode læringsresultat
• Å tilsette dyktige medarbeidarar til erstatning for dei som sluttar, redusere sjukefråveret og ta vare
på dei dyktige medarbeidarane vi har.
Per Einar Strand
einingsleiar
Frå venstre: Ingvil Sagli, Signe Blø, Simen
Lange, Solveig Husan Frydenlund og Bjørn
Fjøseid Kroknes
Elevtal ved Eidsvåg barne- og
ungdomsskole
Årstrinn 2011 2012 2013 2014
1
17
21
25 23
2
23
17
22 26
3.
18
24
17
20
4.
28
19 24
15
5.
39 27
20 23
6.
27
37
29 20
7.
41
27
38 28
8.
28
42 28
37
9.
20 30 43
27
10.
41
19
31
40
Sum
282 263
277
259
Elevundersøkinga for 2014 viser at eleva
ne våre trivst godt, og det er lite mobbing
på skulen. Tidlegare år har resultata frå
elevundersøkinga variert ein heil del.
Alt for mange har opplevd å bli mobba.
Det ser ut som arbeidet vi har gjort, ikkje
minst i samarbeid med PPT, foreldra og
elevane, har gjeve resultat.
Skulebygga våre er moderne og i god
stand. Vi har godt med læremiddel og
undervisningsutstyr. Nesset kommune
har satsa store ressursar på skulen over
lang tid. Det visest både på skulebygga
og på resultata vi oppnår.
Vi tilbyr skolefritidsordning (SFO) til
barna i 1.4. kl. både om morgonen og
om ettermiddagen. Tenesta er delfinan
siert ved foreldrebetaling. Ca. 40 barn er
påmeldt ordninga. Fem tilsette, som også
er assistentar i skulen, utfører knapt to
årsverk i SFO.
99
ENHETENE // EIDSVÅG BARNE- OG UNGDOMSSKOLE