Table of Contents Table of Contents
Previous Page  71 / 142 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 71 / 142 Next Page
Page Background

avdelinga. Dagleg leiar er tilsett i 100%

stilling fordelt på 50% frivilligsentral,

20% aktivitetsleiar for ungdom og 30%

som miljøarbeider for busette flykningar.

Det er blitt arbeidd med organisering og

istandsetting av lokala fram til offisiell

opning 1. mars 2016.

Frivillig arbeid, barn og

ungdom

Frivillige lag og foreiningar står for allsi­

dig og godt kulturarbeid i Nesset. Mange

av dei rettar arbeidet direkte mot barn og

unge i eit vidt spekter frå ungdomslag,

misjon, speidargruppe og 4H, til allsidig

idrett og friluftsliv. Fleire talentfulle

ungdommar frå Nesset markerer seg

regionalt og nasjonalt. Kulturleiaren

er med i ungdomsteamet og er barnas

representant i plansaker i kommunen.

Idrett, lag og foreiningar

Det frivillige arbeidet er limet i kulturar­

beidet. Lag og foreiningar skaper akti­

vitet og gode møteplassar i nærmiljøet.

Det er brukt kr 100 690,- i kommunale

kulturmidlar til lag og foreiningar i form

av tilskot. Nesset idrettsråd er eit viktig

organ for koordinering og kompetanse til

idrettsarbeidet i kommunen. Idrettsrådet

bidrar m.a. i rullering av handlingsplan

og fordeling av midlar til oppkøyring av

skiløyper. Idrettsrådet sørgjer for utdeling

av lokale aktivitetsmidlar (LAM).

Idrettsprisen blir kvart år utdelt av

Idrettsrådet under Eidsvågdagene.

Spelemidlar

I 2015 vart det sendt inn 10 søknader om

spelemidlar til anlegg, hus og område for

idrett , fysisk aktivitet og kultur. Søkna­

dene fordeler seg godt i ulike delar av

kommunen. I alt er det i 2015 gjeve tilsegn

om kr 3 018 000,- til desse søknadene. In­

kludert her er første steg til Nessethallen.

Kommunale anlegg

Det er stor fotballaktivitet i Nesset. Kom­

munen eig og driftar kunstgrasbanen ved

Eidsvåg barne og ungdomskole. Banen

blir svært mykje brukt av aldersbestemte

lag og til fotballtreningar elles. Det var

planlagt eit større rehabiliteringsarbeid

på kunstgrasbanen med m.a. skifte av

dekket i 2015. Av ulike grunnar blir dette

utsett til 2016. Kommunen har ansvar for

ute-anlegga ved alle skulane som også

fungerer som park-, aktivitets- og leike­

område utanom skuletida. Andre anlegg

som lysløyper og liknande er eigd av

idrettslaga som legg ned eit stort arbeid

med vedlikehald og drift av desse.

Kulturminne og museum

Kulturavdelinga har ansvar for forvaltning

av kulturminne i kommunen. Arbeid med

lokal kulturminneplan er starta opp.

Nesset prestegard, museum er avde­

ling av Romsdalsmuseet. Kommunen

og Romsdalsmuseet deler kostnadene

med stillinga som formidlar og vakt­

meister. Kommunen er representert

i brukarstyret for Nesset prestegard.

Besøkstala syner ei auke til 5429 i 2015

mot 4041 i 2014. Ein stor del av besøket

ved er arrangement som Bjørnson­

festivalen og julemarkedet. Skuleklassar

og grupper representerer og gode tal.

Det har vore 23 eigne arrangement

i 2015. Julemarkedet i november har

Ute-anlegget ved Eidsvåg barne-

skole og strandpromenaden er

begge delvis finansiert ved hjelp av

spelemidlar.

Foto: Nesset kommune

Rådmann Liv Husby på Strand­

promenaden. Foto: NK.

71

RÅDMANNENS STAB // KULTUR