blitt eit høgdepunkt som samlar mykje
folk og engasjerer mange frivillige. I
sommarsesongen har Romsdalsmuseet
tilsette guidar på prestegarden. Samar
beidet med Romsdalsmuseet inkluderer
og Tverrberghytta ved Løypåvollen i
Eikesdal. For helleristningane på Bugge
gjeld skjøtselsavtale mellom Nesset
kommune, MR fylke og Vitenskapsmuse
et i Trondheim. Arbeid med å ruste opp
tilgjengelegheita på helleristningsfeltet
er godt i gang.
Alle bygningane på Nesset prestegard
er vedtaksfreda og er eigd av opplys
ningsvesenets fond. Kommunen har
leigeavtale med OVF for alle bygningane
bortsett frå hovudhuset. Det pågår ein
diskusjon om eigarforholda i og med at
buplikta for prestane vart oppheva og
OVF har signalisert at dei vil selje nokre
av sine prestegardar.
Folkebadet
Bassenget på Nesset Ungdomskole er ope
for publikum tre kveldar i veka frå haust
ferie til påske. Det er tilsett badevakt i 20%
stilling. Det er i tillegg avtale med foreldre
gruppa til 8.klasse i Eidsvåg om frivillige
badevakter. Tal besøk i 2015 var i alt 767
(690 i 2014), av dette var barn og familie
billettar 657 (600). Folkebadet er eit fint
folkehelsetilbod som er viktig for mange.
Bjørnsonfestivalen
Festivalen hadde 10 arrangement i Nesset
inkludert førestillingar til skule og barne
hage, utstilling og gudsteneste i fjøset
på Nesset prestegard. Samla besøkstal
i Nesset var 594 (822). Av høgdepunkt
kan nemnast litteraturkveld på Nesset
prestegard med Frank Aarebrot og cruise
med Aksel og Per Fugelli på Eikesdalsvat
net. Bjørnsonfestivalen er med å markere
Nesset og Nesset prestegard på ein god
måte i og utanfor kommunen. Nesset
kommune betalte kr 110.000,- som drifts
tilskot til Bjørnsonfestivalen i 2015.
Kostra tal og kommentarar
Til saman betalt ut tilskot til lag, forenin
gar og organisasjonar (inkludert utbetalte
spelemidlart til anlegg kr. 150 000,-) kr.
441 233,-. Dette er i gjennomsnitt kr 147,-
pr. innbyggar. Nesset ligg lavt i forhold
til landsgjennomsnittet som var 2 000,- i
2014, men mykje av dette avheng av kor
leis utgifter og tilskot blir bokført.
Interkommunale
samarbeidsavtaler og
selskap
• Gjemnes og Nesset kulturskole har
avtale om felles kulturskole. Lærarar
i kulturskolen som arbeider i Nesset,
er bortsett frå 36% stilling, tilsett i
Gjemnes kommune.
• Romsdalsmuseet, samarbeidsavtale
som omfattar medfinansiering av
vaktmeister og formidlar på Nesset
prestegard i 50% stilling.
• Samarbeidsavtale med Sunndal
kommune om biblioteksjef i 30%
stilling.
72
NESSET KOMMUNE // ÅRSRAPPORT 2015