Table of Contents Table of Contents
Previous Page  69 / 142 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 69 / 142 Next Page
Page Background

Tenester og oppgaver

Nesset kommune skal gjennom kulturav­

delinga samordne og drifte kulturtiltak

som kjem alle innbyggarane i kommunen

til gode. Kulturskule og bibliotek er lovbe­

stemte oppgåver. Kulturavdelinga

bidrar og som samarbeidspart i ulike arran­

gement for eksempel på Nesset prestegard

og konsert i Mardalen under Eikesdals­

dagane. Ungdommens kulturmønstring

for Gjemnes, Nesset og Tingvoll vart i 2015

arrangert på Eresfjord samfunnshus.

Arbeidet i kulturavdelinga er innom dei

fleste sektorane i kommunens verksemd

og ber i stor grad preg av deltaking i

tverrsektorielle aktivitetar. Her kan

nemnast integrering og folkehelsearbeid,

barn og unges representant i plansaker,

ansvar for spelemiddelordningane og

oppfølging av kommunale idrettsanlegg

og kulturbygg. Kulturleiar representerer

kommunen i styret for Bjørnsonfestiva­

len og i styret for Romsdalsmuseet.

Bibliotek

Nesset folkebibliotek har ope 22 timar

per veke fordelt på 4 dagar. Etter at det

frå 1. okt. igjen er ope for publikum på

onsdagar, har ein registrert ein markant

auke i besøkstalet med 100 fleire dei tre

siste månadene samanlikna med same

periode i 2014. Det er 4 fast tilsette i del­

tidsstillingar mellom 20 og 50 %. Det er

inngått avtale mellom Nesset og Sunndal

om biblioteksamarbeid som omfattar og

kjøp av biblioteksjefressurs frå Sunndal i

30 % stilling. Biblioteket har lesestunder

for barnehagebarn og jamleg besøk av

skoleklasser. Bokkasser til skolane har

verka positivt på utlånet. Ein ser også

at utlånet av faglitteratur til vaksne stig

KULTUR

Kulturavdelinga har vore ein aktiv del i kom-

munes markering av Friluftslivets år 2015.

Arbeidsgruppa har bestått av folkehelse-

koordinator Mari Husan, kulturleiar Turid

Øverås, leiar for servicekontoret Hildegunn

K. Blø og miljørettleiar Hogne Frydenlund.

Foto: Nesset kommune

Turid Leirvoll Øverås

kulturleiar

Nøkkeltal i eininga

31.12.15 31.12.14

Ansatte

7

7

Sesong/ekstra

2

2

Årsverk

3,65

3,1

Deltidsstillinger

7

6

Kvinner

6

6

Menn

1

1

69

RÅDMANNENS STAB // KULTUR