Kva vil du framheve som
eininga di fekk til i 2013:
Aller mest stolt av Nessets flotte
ungdommar som representerer
kommunen på ein utmerka måte
og tydeleg syner at dei er stolte
av heimkommunen sin. Mange
positive presseoppslag om ung-
dom i Nesset.
Kva er den/de største utford
ringane for di eining i 2014?
Vi er spente på kva som vil skje
med eigarskap og forvaltning av
Nesset prestegard.
Følgje opp den gode utviklinga i
satsing på barn og unge. Elles er
arbeidet innan kulturfeltet alltid
mangfoldig og utfordrande, men
og veldig interessant og givande.
Turid Leirvoll Øverås
kulturleiar
Sommaren 2013 starta prosjektet
med å betre trapper og bruer på
helleristningsfeltet på Bugge.
kommunen og museet. Besøkstala
gjekk noko ned i 2013 til 3291 mot 4041
i 2013. ein grunn til dette er at det ikkje
var besøk frå Moldeskulane som det
var i 2012. Samarbeidet med Romsdals
museet inkluderer og Tverrberghytta i
Eikesdal.
For helleristningane på Bugge gjeld
skjøtselsavtale mellom MR fylke og
Vitenskapsmuseet i Trondheim. Arbeid
med å ruste opp tilgjengelegheita på
helleristnings feltet er godt i gang.
Folkebadet
Bassenget på Eidsvåg barne og
ungdomsskole er ope for publikum tre
kveldar i veka frå haustferie til påske. Det
er tilsett badevakt i 20% stilling i tillegg til
at kommunen har avtale med Eidsvåg IL
om badevakt. Tal besøk i 2013 var i alt 742
(1053 i 2012), av dette var barn og familie
billettar 640 (975). Folkebadet er eit popu
lært tilbod som er viktig for mange.
Bjørnsonfestivalen
Festivalen hadde 12 arrangement i
Nesset inkludert førestillingar til skule
og barnehage, kunstutstilling og guds
teneste i fjøset på Nesset prestegard.
Samla besøkstal i Nesset var 766. Av
høgdepunkt kan nemnast litteratur
cruise på Eikesdalsvatnet med Vigdis
Hjort og Ferdafolk. Linda Eide samla
100 publikummarar på prestegarden
med programmet Oppdrag mottro.
Kulturleiaren i Nesset er leiar i styret
for Bjønsonfestivalen. Arbeidet med
arrangementet i Nesset, styrearbeid
og ymse representasjon for festivalen
utgjorde ca. 15% stilling i 2013. Bjørnson
festivalen er med å markere Nesset og
Nesset prestegard på ein god måte i og
utanfor kommunen.
Interkommunale sam-
arbeidsavtaler og selskaper
• Gjemnes og Nesset kulturskole
oppdatert avtale om felles kulturskole
i 2013.
• Romsdalsmuseet, samarbeidsavtale
som omfattar medfinansiering av
vaktmeister og formidlar på Nesset
prestegard.
• Samarbeidsavtale med Sunndal
kommune om biblioteksjef.
70
NESSET KOMMUNE // ÅRSMELDING 2013