Skulen si viktigaste oppgåve er, saman med heimane, å gjere barna
best mogleg rusta til å møte dei utfordringane skulen, arbeidslivet
og samfunnet elles vil by dei. Til det treng dei unge både kunnskapar,
ferdigheiter, samarbeidsevne, gode haldningar og – ikkje minst – trua
på seg sjølve.
EIDSVÅG BARNE- OG
UNGDOMSSKOLE
Tenester og oppgåver
Skulen er til for at barna – i vid forstand
– skal lære. Vi ser gjerne at barna, etter
å ha skaffa seg utdanning og erfaring i
livet, kjem tilbake til heimkommune og
slår seg ned her.
Resultatvurdering
Nasjonale prøver gav blanda resultat.
5. klasse oppnådde resultat noko under
nasjonalt nivå i lesing i alle fag og i rek
ning i alle fag, medan resultata i engelsk
var noko over landsgjennomsnittet.
8. klasse presterte godt over nasjonalt
nivå på alle sine prøver. Svært gode
resultat.
9. klasse oppnådde resultat noko under
Nøkkeltall i eininga
31.12.13 31.12.12
Tilsette
50
51
Årsverk
41
41,55
Deltidsstillingar
19
25
Kvinner
43
44
Menn
7
7
8,12 %
6,65 % 2012
Samla i kommunen:
8,17 % 2013, 7,96 % 2012
Sjukefråvær 2013
Økonomisk resultat
2013
2012
Eining
Regnskap Budsjett
Avvik
Avvik i % Regnskap
Eidsvåg BUS
27 142 368 27 967 000
824 632
2,9 %
26.534.621
Avviksforklaring
I forhold til budsjett fekk vi eit positivt avvik på 2,9 prosent. Refusjonane for langtids
sjukemeldte har vore betydeleg større enn lønsutgiftene for vikarane; og vi har ikkje
alltid hatt vikarar å setje inn, slik at vi har måtta organisert drifta alternativt. Det har
vore gunstig for økonomien, men ikkje alltid for kvaliteten på tenestene våre. Vi har
hatt rammer til normal drift, slik at vi har kunna gjere nødvendige innkjøp av lære
middel og anna utstyr.
Einingsleiar / rektor
Per Einar Strand
Inspektør mellomtrinnet
Monica Hånes
Inspektør ungdomstrinnet
Hilde Meringdal
Inspektør småskolen
Lise Sandø
Frå opninga av Apejungelen.
Foto: Sigmund Tjelle.
96
NESSET KOMMUNE // ÅRSMELDING 2013