Nesset Kommune // Årsmelding 2013 - page 99

Tenester og oppgåver
Indre ­Nesset barne- og ungdoms­
skule består av to fådelte skular etter at
­Eikesdal skule ble lagt ned i sommar:
• Eresfjord barne- og ungdomsskule:
1–10-skule med 59 elevar
• Vistdal skule:
1–7-skule med 18 elevar
• Skulen har eit fokus på å ha eit godt
læringsmiljø der trivsel, tryggleik
og gode skulefaglege prestasjonar
blir vektlagt. Ein viktig målsetjing er
at skulen skal vere ein god og trygg
arbeidsplass for alle.
• Indre ­Nesset barne- og ungdoms­skule
har nulltoleranse mot mobbing.
• Skuleutviklingsfokuset vårt er «Vurde­
ring for læring». I dette ligg utviklings­
område som å gi gode framovermel­
dingar til elevane, samt å tilretteleggje
for elevmedverknad og eigenvurdering.
• Skulen arbeider også for å ha eit godt
og nært samarbeid med foreldre og
foreldreorganet FAU. For at foreldra
heile tida skal vere orientert om skule­
aktivitetane, blir infoskrivet «Info til
heimen» jamnleg sendt heim og lagt ut
på heimesida.
Resultatvurdering
Skulane i Nesset avslutta i 2013 det
3-årige prosjektet «Skriving av fagtekst»,
kor hovudmålet var å styrke elevane i å
lese og skrive fagtekstar. Mykje tydar på
at prosjektet har hatt ein god effekt på
leseferdigheitane til elevane, for ­eininga
har hatt gode resultat på nasjonale
prøver i lesing dei to siste åra. Gjennom
fagtekst­prosjektet lærte elevane å skrive
fagtekstar, som også inneber å meistre
skriving i alle fag. Denne grunn­leggjande
ferdig­heiten er framheva i siste revidering
av læreplana. Ein annan positiv effekt
med fagtekstprosjektet, er at elevene har
blitt flinkare til å skrive tekstar innanfor ei
skriveramme, dvs byggje opp struk­turen i
fagstekstar. Denne kunnskapen er direkte
overførbar til skriving av skjønnlitterære
tekstar. I tillegg er det sannsynleg at det
3-årige fagtekstprosjektet har bidratt
til det sterke resultatet på eksamen i
engelsk skriftlig (Gjennomsnittskarakter
4,6), som avgangskullet i 2013 fekk.
Gjennom det siste prosjektåret i fagtekst­
prosjektet har fagtekst­gruppa ut­arbeidd
ein manual som skulle støtte lærarane
i vidareføringa av fagtekst­arbeidet. På
denne måten har ny og god undervis­
ningspraksis vorte imple­mentert i skulen
vår. Vidare har skule­administrasjonen
utarbeidd eit registrerings­skjema, kor
kontakt­lærarane skal registere kva for
fag det har blitt skrive fagtekst gjennom
skuleåret. Alle trinn skal skrive minimum
ein fagtekst kvart skuleår.
Eit viktig skuleutviklingsfokus i ­Nesset
har vært å styrke vurderings­kompetansen
INDRE ­NESSET BARNE-
OG UNGDOMSSKULE
Nøkkeltall i eininga
31.12.13 31.12.12
Tilsette
25
30
Årsverk
18,1
20,3
Deltidsstillingar
18
22
Kvinner
23
26
Menn
2
4
3,85 %
3,58 % 2012
Samla i kommunen:
8,17 % 2013, 7,96 % 2012
Sjukefråvær 2013
Einingsleiar / rektor
Hilde Toven
Inspektør Eresfjord
Kirsti M. Evensen
Inspektør Vistdal
Marit Berg Øien
Inspektør Eikesdal
Inga Berit Utigard (til 01.08.13)
Leselyst-aksjonen på Vistdal skule.
99
ENHETENE // INDRE ­NESSET BARNE- OG UNGDOMSSKULE
00...,89,90,91,92,93,94,95,96,97,98 100,101,102,103,104,105,106,107,108,109,...142
Powered by FlippingBook