Nesset Kommune // Årsmelding 2013 - page 100

hos lærarane. Lærarane har blitt skulert i
vurdering for læring gjennom fagtekstpro­
sjektet, og i tillegg har Nessetskulen vært
i Edinburgh på studietur og lært om deira
vurderings­praksis i skulen. På seinhaus­
ten vart Elevundersøkinga gjennomført,
og resultata frå under­søkinga indikerer
ein positiv utvikling vedr vurderings­
praksisen ved ­eininga. 72 % av elevane
seier at lærarane forklarar kompetanse­
måla i mange fag, og 60 % av elevene
seier at dei får underveis­vurdering
(rettleiing) ein el fleire gonger i veka. Over
halvparten av elevane ut­trykker også at
dei får vere med og vur­dere skule­arbeidet
sitt i flere fag, medan det i fjor var kun 14
% som uttrykte det same. Desse svara
er ein indikasjon på ein positiv utvikling
vedrørende vurderingspraksisen på Indre
Nesset barne- og ungdomsskule.
Både Elevundersøkinga og Ungdata
viser høg trivsel og låg forekomst av
mobbing hos elevane våre. Vi bruker det
sosiale ferdighetsprogrammet Zippi i
små­skulen, og dei fleste av ­lærarane på
1.–4.trinn har no blitt skulert i å under­
vise etter prinsippa i programmet. På
ungdomssteget har elevane fått under­
visning i nettvett. ­Eininga tar på alvor
at vi har nokre få ­elevar som opplever
mobbing, og jobber derfor fore­byggjande
på alle trinn. På ungdoms­trinnet har
vi ­dette året sett eit enda større fokus
på å utvikle god samhandlings­kulturar
hos ungdomsskule­elevane. Sosiallærar
­bruker verktøyet «Dette er mitt valg» på
8. trinnet ein veketime halve skuleåret.
Nasjonale prøver viste gode resultat både
i engelsk, lesing og matematikk. 5. trinn,
8.trinn og 9. trinn opp­nådde resul­tat over
nasjonalt nivå både i ­lesing, engelsk og
rekning.
Grunnskulepoeng (44,3 p) etter av­slutta
grunnskule våren 2013 er godt over
­nasjonalt nivå.
Økonomisk resultat
2013
2012
Eining
Regnskap Budsjett
Avvik
Avvik i % Regnskap
Indre ­Nesset BUS 12 479 803
12 611 000
131 197
1,0
12 411 968
Barnetal Indre ­Nesset
Fødsels­år
Skuleår 13/14
Eresfjord
Vistdal
Sum
1998
10.
5
4
9
1999
9.
4
2
6
2000
8.
11
5
16
2001
7.
3
3
6
2002
6.
4
3
7
2003
5.
6
0
6
2004
4.
7
0
7
2005
3.
2
5
7
2006
2.
3
3
6
2007
1.
2
4
6
2008
2
2
4
2009
3
3
6
2010
5
1
6
2011
5
1
6
2012
2
5
7
2013
3
1
4
Tallene inkluderer tilflytting og utflytting.
Kva vil du framheve som eininga di fekk til i 2013:
Eg er stolt over at vi også dette skuleåret kunne presentere to store framsyningar på
­avslutningane til jul. Alle elevane på Vistdal skule hadde rollar i skodespelet «Få nissen opp av
senga» av Gro Dahle. På Eresfjord barne- og ungdomsskule hadde valfaget «sal og scene» laga
ei stor føre­stelling om den norske folkemusikken, kor dei synleggjorde den sterke bindinga til det
norske bondesamfunnet og seterkulturen. Begge førestellingane involverte alle elevane på dei to
skulane. Dette er ressurskrevjande å få til, men eg ser at også slike oppgåver byggjer sjølvtillit hos
elevane og at føresette og elevar set stor pris på opplevingane.
Kva er den/de største utfordringane for di eining i 2014?
Å komme i gang med arbeidet i innsparingsgruppa innafor skuleområdet og følgje planen for
innsparingsprosessen i kommunen. Vidare blir det viktig å hjelpe personalet til å oppretthalde eit
positivt fokus og sjå moglegheitene trass stramme rammar.
Hilde Toven
einingsleiar
1.–4. trinnet ved Eresfjord
skule studerer framveksten
til bjørka i uteskuletida.
100
NESSET KOMMUNE // ÅRSMELDING 2013
00...,90,91,92,93,94,95,96,97,98,99 101,102,103,104,105,106,107,108,109,110,...142
Powered by FlippingBook