Norangsdalen
– Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Norangsdalen er eit av dei trongaste dalføra det går bilveg gjennom i Norge. På det
smalaste er det berre 200–300 meter frå fjellvegg til fjellvegg. Stupbratte fjell om
kransar dalen, som er omtala som Sunnmøre sin villaste og vakraste dal. Ein tur hit byr
på rike natur- og kulturopplevingar.