Norangsdalen - page 4

Norangsdalen
– Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Landskapet
Norangsdalen strekkjer seg frå Øye i enden av Norangsfjorden i Ørsta kommune
og går over i Nibbedalen mot Tryggestad og Hellesylt i Stranda kommune. Høgste
punktet i dalen ligg på om lag 300 moh. Fjella ikring har høgder opptil om lag 1700
meter. Dei mest kjende fjella er Slogen (1564 moh.), Smørskredtinden (1631 moh.) og
Kvitegga (1693 moh.)
Dalen har vorte forma av isbrear i løpet av siste istida. I tillegg har fjell­ og snøskred gitt
dalen ei dramatisk utforming. Det går årvisst mange snøskred, og spora etter desse
kan ligge til langt ut på sommaren. Bilvegen er difor stengd store delar av vinteren.
1,2,3 5,6,7,8,9,10,11,12,13,14,...16
Powered by FlippingBook