Norangsdalen
– Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Om korleis Lygnstøylvatnet vart til
26. mai 1908 gjekk eit stort jord og steinras frå fjellet Keipen. Folk frå bygda fortalde
at dei kunne høyre at dette var noko langt større enn det dei hadde opplevd tidlegare.
Ikkje berre høyrde dei lyden, men etter ei tid var store delar av dalen skoddelagd av
steinrøyk. Raset er det største ein kjenner til i Hjørundfjorden.
Raset, eller Storesvora som det også vart kalla, fylte opp dalbotnen med stein. Då
bygdefolket kom innover dalen, møtte dei ei enorm steinur. Til alt hell var det ikkje folk
eller buskap i området.
Storesvora sperra elva Lygna som rann gjennom dalen. Etter kvart som dagane gjekk
tok vatnet i elva til å stige. Slik vart Lygnstøylvatnet til.
Med raset kom ein stor stein som vart ståande på høgkant, mest som ein bauta. Den
12 meter høge steinen fekk namnet «GangeRolv». Ungdomslaget i bygda fekk hogd
inn namn og dato for Storesvora i steinen, som står der som eit minne frå hendinga.
Steinen står på vestsida av fylkesvegen, rett nord for Lygnstøylvatnet.
Setra før raset. Foto: K. Knudsen