Norangsdalen
– Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Lygnstøylvatnet som kulturminne
Lygnstøylvatnet er eit særmerkt kulturminne. Å kunne sjå restane etter ei seter under
vatn er heilt unikt. Likskap finst sørover i Europa i dei italienske byane Pompeii og
Herculaneum, som vart dekte av lava og oskenedfall etter utbrotet frå vulkanen
Vesuv i år 79.
Ta vare på kulturarven! Lygnstøylvatnet er eit verdfullt kulturminne. Gamlevegen
med stabbesteinar, bruene, sela, steingardane og trea er svært sårbare. Ta omsyn til
kulturminna i området, slik at dei ikkje får unødig skade eller slitasje.
Ved dykking gjeld følgjande:
• Du som dykkar i Lygnstøylvatnet må vise stor varsemd
• Du må berre dykke på vestsida av gamlevegen i Lygnstøylvatnet
• Du må ikkje røyve trea i vatnet
• Du må ikkje fly e på steinar eller trekonstruksjonar
• Du må ikkje grave i botnsedimenta, inne i sela eller andre stader
Retningslinene er utarbeidde i samråd med antikvariske myndigheiter og
grunneigarane.
Bruk av undervasscooter er forbode, jf. Småbåtlova § 40.
Dykking i Lygnstøylvatnet, Foto: Lill Haugen