Norangsdalen
– Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Ferdsel
Norangsdalen er bindeledd mellom indre Sunnmøre og Nordfjord, og frå gamal tid
har det vore allfarveg gjennom dalen. Dagens veg vart bygd i tida 1893-1898. Ein eldre
køyre- og rideveg, frå 1846, er det framleis spor etter mange stader. Vegen har i dag
vegstatus som fylkesveg 655.
Utbetringa av vegen i 1890-åra fann stad saman med auke i turisttilstrøyminga, og eit
ynske om å gjere reisa gjennom dalen meir behageleg for dei mange tilreisande. Berre
få år etter at vegen stod ferdig, kom Storesvora og la delar av nyevegen under vatn.
Det er denne vegen som i dag ligg på botnen av Lygnstøylvatnet.
Vegen er framleis viktig for turismen på Sunnmøre. Ei reise gjennom dalen er ein turist
attraksjon.
Langs vegstrekninga er det fleire bruer som er bygde på slutten av 1800-talet;
Nebbedølbrua, steinhellebruer ved Haugen og Litlevatnet, Geilskredbrua, Lysholbrua
og Skylstadbrua. I tillegg kjem Svidebrua bygd i 1830-åra.
Geilskredbrua vart restaurert i 2011 av Statens vegvesen etter å ha blitt skada av stein
sprang. Statens vegvesen har ansvar for å ta vare på eigne kulturminne.
Svidebrua er ei steinhellebru med seks gjennomløp. Brua har vorte tatt av flaum fleire
gonger, og kvar gong har bøndene i bygda sett ho i stand. Brua er i bruk den dag i dag
som driftsveg for bøndene.