Norangsdalen
– Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Seterdrift
Norangsdalen har i lang tid vore nytta til sommarbeite og seterdrift. På Stavbergsetra
og Urasetra er sela plasserte inn til store steinar i ei steinur, slik at dei skal ligge mest
mogleg i livd for snøskred og fonnvind. Setrane vart bygde på midten av 1800-talet då
seterdrifta var på det mest intensive her til lands.
Frå 1920-talet gjekk seterdrifta i Norangsdalen tilbake, og frå 1950-åra var det mest
heilt slutt. I dag beitar storfe og småfe i dalen.