Norangsdalen - page 10

Norangsdalen
 – Sunnmøre sin villaste og vakraste dal
Turisme
Kring år 1900 oppdaga mange Norangsdalen som turist­attraksjon. I 1898 vart kong
Oscar II frakta med hest og karjol gjennom dalen. Året etter kom keisar ­Wilhelm. Sein­
are kom dronning ­Wilhelmina av Nederland. I 1906 køyrde kong Haakon og ­dronning
Maud gjennom dalen, og same året passerte kong Christian X av Danmark.
Turisttrafikken auka utover i 1930-åra. Turistskipa sette av passasjerane på Øye, og dei
vart frakta med hesteskyss gjennom Norangsdalen til Hellesylt, der dei gjekk om bord
i skipa att. Turismen gav grunnlag for hotelldrift på Øye, Fivelstad og ­Hellesylt. Også
bygder som Fyrde i Austefjorden (­Volda kommune) og Bjørke i Hjørundfjorden hadde
hotell den gongen.
Turisthotella var som oftast trehus i sveitser­stil, utsmykka med overdådig ornamen­
tikk. Fleire av desse hotella er framleis mellom dei mest skatta kulturminna våre. Hotell
Union Øye står i dag som eit praktfullt minne over starten på turismen.
Norangsdalen og fjella ikring har sidan slutten av 1800-talet vore eit populært om­
råde for fjellturisme og tindesport. Mellom klatre­pionerane var W.C. Slingsby, E.C.
­Oppenheimer og C. W. Patchell.
Turistskip i Norangsfjorden. Postkort: Eigar, Jostein Mo
1,2,3,4,5,6,7,8,9 11,12,13,14,15,16
Powered by FlippingBook